Association of Norwegian Students Abroad (ANSA)

Sist oppdatert: 02.10.2013 // Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) sitt formål er å ivareta dei norske utanlandsstudentane sine faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle interesser, samt å skape forståing for den ressurs utanlandsstudentane representerer i kraft av si internasjonale erfaring og kompetanse.

ANSA er ein interesseorganisasjon for norske studentar i utlandet grunnlagt i 1956 på initiativ frå Utanriksdepartementet. I dag har organisasjonen over 10 000 medlemmar og 500 tillitsvelte fordelt på over 1 200 studiestadar i meir enn 90 land.

Organisasjonen er partipolitisk nøytral, og har hovudkontor i Oslo. Her jobbar tretten fulltidstilsette fordelt på informasjonssenter, medlemsservice, sosialrådgiving, web, administrasjon, sal, politikk og media.

ANSA har mange ulike funksjonar og jobbar mellom anna med å informere om studiemoglegheiter i utlandet, gi nøytral og gratis hjelp i samband med studierelaterte utfordringar og arrangere faglege og sosiale aktivitetar. Dei jobbar også kontinuerlig med ulike politiske saker for å fremje utanlandsstudentane sine interesser.

ANSA, Australia

ANSA, New Zealand


Bookmark and Share